Elias Blix

Om salmeforfatteren, salmebokutgiveren, kirkemannen og teologen Elias Blix.

Elias Blix blei fødd i Gildeskål i Nordland 24. februar 1836. Han tok teologisk eksamen i Kristiania i 1866 og blei professor i hebraisk i 1879. Frå 1884 til 1888 var Elias Blix kyrkjestatsråd i Johan Sverdrup si regjering. I året 1891 gav han ut salmeboka  Nokre Salmar og denne samlinga blei godkjend til kyrkjebruk i 1892. Den inneheld berre hans eigne tekstar på nynorsk. Elias Blix døydde i Kristiania 17. januar 1902. Han er gravlagd på Vår Frelsers kirkegård i Oslo.

Mange av salmane til Elias Blix hentar billete frå Johannes-evangeliet som han bl. a. omsette til nynorsk frå gresk. Han skriv om Jesus som vegen, sanninga og livet. Og han byggjer fleire salmar over hyrdingmotivet. Mange av Blix-salmane hentar og billete frå norsk natur. Vi møter han både i morgon- og kveldssalmane, i fedrelandssalmane og i songen om våren framfor nokon annan: «No livnar det i lundar, no lauvast det i li”. Lyset og sola er og sterke Blix-motiv i tillegg til livet på sjøen slik han opplevde det som barn i Nordland.

Elias Blix er ein av våre aller største salmeforfattarar. Han har sett djupe spor etter seg både i norsk kristenliv og i samfunnet elles. Blix er kjend for ettertida både som målmann, politikar, teolog og som bibelomsetjar. Men størst er nok arven etter han som salmediktar. Tida var for knapp til å skriva preikesamlingar eller store teologiske omhandlingar. Men i salmane fekk han falde seg ut og staka ut kursen for generasjonar av nynorskdiktarar etter han. Elias Blix har sjølv dikta 130 salmar og omsett 76 salmar til nynorsk. Vi finn 51 originale salmar av Elias Blix i Norsk Salmebok. For si store samfunnsteneste blei han bl. a. utnemd til riddar og kommandør av St. Olavs orden.

Oversikt over salmer av Elias Blix